 |
 |
Anbefalte bøker
Ti forfattarnamn gir meir enn ti bøker,
og når eg no lister opp, i alfabetisk orden, det eg set størst
pris på av det eg har lese gjennom eit nokså langt liv,
omfattar kvar anbefaling også resten av forfattarskapet, berre
så det er nemnt slik at sjansen for å finne gull også
finst i forlenginga av denne lista.
Ivo Andric: Broen over Drina (1960). Saman med Konsulene
(1962) gir denne boka ei djup og grunnleggande innsikt i Balkan
som konfliktområde gjennom hundreåra, og i eit overlys
av ekte humanisme og vidsyn løftar han Bosnia ut av det historiske
mørkret.
::
Finnes boka i biblioteket ?
Kjell Askildsen: Thomas F's siste nedtegnelser til almenheten
(1983). Blant gode norske novellistar veljer eg Kjell Askildsen
fordi han har bana veg for mange yngre og fordi han er så
eksklusiv og elegant i alt han set på papiret.
::
Finnes boka i biblioteket ?
Thomas Bernhard: Et barn (1995). Boka er første del
av eit erindringsverk i fem band. Det kompromisslause og uforsonlege
er Bernhards varemerke saman med eit språk som mange har herma,
men som få eller ingen kan gjenskape i Bernhards ånd.
::
Finnes boka i biblioteket ?
Elias Canetti: Den reddede tungen (1982). Ingen overgår
Canetti i å erindre seg sjølv, sin eigen familie og
si eiga samtid. Dersom erindring er ein eigen sjanger, har Canetti
skapt den og løfta den til det nivået der nobelprisar
blir utdelt. Boka innleier Canettis trebandsverk med erindringar.
::
Finnes boka i biblioteket ?
Olav Duun: Menneske og maktene (1938). Om å klore seg
fast i det heimlege og stole på eigne krefter. Oppi dette
finst det også eit kystlandskap og eit levande kystmiljø
som folk i dag trur dei kan gjenskape som kystkulturdagar og festivalar.
Olav Duun ville ledd av det.
::
Finnes boka i biblioteket ?
Jon Fosse: Morgon og kveld (2002). Igjen eit landskap og
eit miljø tilført ein eksistensiell dimensjon som
løftar teksten mot lyset eller senkar den i mørkret.
Ein gir seg over og gret, og det gjer ingen ting, faktisk. Det er
slik det skal vere i forhold til denne teksten.
::
Finnes boka i biblioteket ?
Tove Jansson: Pappan och havet (1965). Tove Janssons grep
er heilt spesielt, og det fører lesaren inn i ei verd der
det magiske og det verkelege får styre teksten. Ho skaper
ei stemning der lesaren ønsker at fiksjonen var verkeleg.
Sånn är det tyvärr inte, men hos Tove Jansson är
det dock sådär.
::
Finnes boka i biblioteket ?
Jaan Kross: Keisarens galning (1986). Ein historisk roman
som fangar inn ei tid og ein tilstand som peiker langt ut over den
staden og den tida det gjeld; Estland i 1820-åra. Om Nobelprisen
ein gong skal gå til Estland, er Jaan Kross min kandidat.
::
Finnes boka i biblioteket ?
Carl Frode Tiller: Skråninga (2001). Tiller har ei
tung bør å bere: han er den nye Olav Duun. Eg seier
det ikkje for å smiske, snarare fordi eg ser at Tiller har
har det stilistiske og innhaldsmessige på plass, og han vil
utvikle det mot det meisterlege slik Duun og Uppdal gjorde det.
::
Finnes boka i biblioteket ?
Kristofer Uppdal: Altarelden (1920). Ei av dei store og monumentale
diktsamlingane her til lands. Her finn ein "Isberget",
"Sauros-skratt" og ikkje minst "Håløygske
sonettar", enkeltdikt og suitar som gnistrar mot natta og mørkret.
Storslått er ordet.
::
Finnes boka i biblioteket ?
|
 |
 |
|
 |
|
|
|


Oddmund Hagen (f.1950).
Oddmund Hagen vaks opp på Hemnskjel
i Snillfjord kommune, men har nå bodd ved Krøderen
i Buskerud i meir enn 20 år. Han debuterte med diktsamlinga
Kvardagar på trondheimsforlaget Rune i 1977, og har
sidan skrive både romaner, noveller og barnebøker.
I alt har han (pr. 2009) fått gjeve ut rundt 18 bøker.
Han ble nominert til Brageprisen i 1998 for biletboka Over
jordet. Han jobber som litteraturkritikar og sit i Det
Litterære Råd.
Oppbrotet frå trøndelagskysten sett preg på
mykje av det som Hagen skriv. Tanken om eit svik mot barndomslandet
er ofte nær. Ein finn mykje ettertanke og refleksjon
i tekstane hans. Han nyttar ofte lange setningar for å
få til ein tankestraumsverknad. Novella Flukt (frå
2000) består av ein 77 sider lang periode, utan punktum!
Oddmund Hagen har fått Nynorsk litteraturpris
i 1996 (for romanen Utmark), og Samlagsprisen i 1999. Han
er sjølv aktiv litteraturkritikar, og er (2003-04)
Den norske Forfatterforening sin representant i, og leiar
for, Norsk kulturråd sitt vurderingsutval for prosa
i.s.m. innkjøpsordninga for norsk skjønnlitteratur.
Bøker av Oddmund Hagen i biblioteket
|  |
| |
| | | |